Framfus arbeider med å lage ein presentasjon av alle medlemane. Vi håpar på å få dette på plass i både digital og printa utgåve i løpet av hausten. Vi prøver oss fram med nokre av medlemane for å finne ei god form på det heile.
Blogg, presentasjonar og logo er under utarbeiding!
tirsdag 3. november 2009
lørdag 31. oktober 2009
Boklansering på biblioteket i Eikelandsosen

Laurdag 7.november
kl.13.00
Biblioteket i Eikelandsosen
Omtale frå forlaget:
Naken på tunet er Sverre Georg Sæther (f 1984) si første diktsamling. Dikta er skrivne i perioden 2005 til 2009 og er ei poetisk dagbok over ein ung mann sine tankar, draumar og forventingar til livet. Lyrikaren set i Naken på tunet ord på gleder, sorger og utfordringar dei fleste av oss møter ein eller annan gong på ferda gjennom livet. Dikta rører ved tema som kjærleik, politikk og urettferd, skuffelsar, draumar og håp. Gjennom ei skildring av eigne tankar og kjensler i møte med desse, let han opp døra og stig ut på tunet som omgir hans eigen trygge heim.
(tekst og bilete frå blamannbok.no)
tirsdag 27. oktober 2009
Joy Elisabeth Kvamme
Adresse:5643 Strandvik
Telefon:
56 58 49 30, 470 80 373
E-postadresse:
Utdanning:
Kunsthøgskolen i Bergen, avd. keramikk, 4 ½ år
Høgskolen i Bergen, Praktisk pedagogisk utdanning
Yrke / fagfelt:
Kunsthandverkar, keramikar, kunstnar, lærar på Fusa vidaregåande skule i forskjellige formgivingsfag
Verksemd:
Skulpturelle arbeid, dreiar og modellerer funksjonelle gjenstandar· Vedfyrt saltglasur og elektrisk brenning· Arbeider i ulike materialar
Tilbod:
-Sal av keramiske arbeid, unika.
-Sal av keramiske arbeid, unika.
-Kursing for alle aldersgrupper i forskjellige teknikkar, som keramikk, skulptur, teikning, fargelære.
-Teambuilding med ein kreativ innfallsvinkel.
-Større og mindre utsmykkingsoppdrag, privat eller offentleg.
-Rådgiving innanfor estetiske og kreative problemstillingar.
-Design av logo o.a.
mandag 26. oktober 2009
Ingvar Nistad
Adresse: 5643 Strandvik
Tlf./ e-post: 56 58 49 30/ inistad@yahoo.com
Yrke: Forfattar og kunsthandverkar (og lærar)
Utdanning: Kunsthøgskulen i Bergen m. m.
Verksemd: Har gitt ut to diktsamlingar/ Lagar mugger og koppar
Anna: Har fått Statlege Kunstnarstipend både som kunsthandverkar og forfattar
Medlemskap: Den norske forfatterforening
Tilbod/kan brukast til: Opplesing/ Føredrag om kunsthistoriske emne
FAR MIN TRUR GODT OM ALLE
Enkelte får eit ufortent dårleg rykte.
Ta no for eksempel firfisledreparen,
eg for min del trur berre godt om han.
Slik snakkar far min, han trur godt om alle.
Enkelte får eit ufortent dårleg rykte.
Ta no for eksempel firfisledreparen,
eg for min del trur berre godt om han.
Slik snakkar far min, han trur godt om alle.
Boka kom ut på Samlaget i 2008.
Etiketter:
Ingvar Nistad- Forfattar og Kunsthandverkar
Aksel H. Holdhus
Adresse: Holdhus, 5640 Eikelandsosen
Tlf./mobil:56585224/
Tlf./mobil:56585224/
Utdanning: 5-årig Musikkonservatorium frå Bergen og Tromsø (klassisk) og 1-årig vidareutdanning ved NTNU,Trondheim (jazz-improvisasjon)
Verksemd: Tidlegare praksis som fylkesmusikar i Møre og Romsdal. Fast tilsett i Fusa kulturskule f.o.m. 1997. Frilans trompetist; med engasjement i m.a. Opera Bergen, Collegium Musicums Orkester, Opera Nordfjord og FMKV Bergen.

Anna: Reise- og utdanningsstipend frå ”Fond for utøvende kunstnere”. Aktiv deltakar ved ”40e Académie de Musique de Sion” (Sveits) i 2002 under leiing av m.a. Håkan Hardenberger og Christian Lindberg
Tilbod: Vert mellom anna nytta som solist og kammermusikar i kyrkjemusikalske samanhengar, i tillegg til engasjement i orkester- og operaverksemd i Bergen og omegn. Er òg medlem i Norsk lur- og bukkehornlag

mandag 15. juni 2009
Kunstnarforumet Framfus er skipa

12.juni møttes eit gruppe kreative fusingar på Eikhaugen gaard på Vinnes med meir enn berre god mat og hyggeleg samvær i tankane. Etter ei tid med uformelle samlingar og idémyldringar rundt omkring i Fusa var det endeleg klappa og klart for den formelle skipinga av eit felles kunstnarforum.
Det heile starta for over eit år sidan, då Aksel H. Holdhus kontakta ulike kunstnarar og kulturutøvarar i Fusa for å lufta ideen om å lage eit tverrfagleg kunstnarforum i kommunen. Fleire var nysgjerrige på ideen, og det vart møter og e-postar der det blei snakka, diskutert og fabulert rundt kva og korleis eit slikt lag kunne vere. Det tverrfaglege kunstnarforumet ”Hardingpuls” var ei viktig inspirasjonskjelde i arbeidet med å finne forma på fusa forumet. Hardingpuls vart skipa i 1993 av og med kunstnarar som er busett eller oppvaksne i Hardanger. Sidan starten har Hardingpuls arrangert ei rekke kunst og kulturhendinga, og markert seg som ein viktig samarbeidspartnar innanfor kulturlivet både i og utanfor Hardanger.
Musikar og primusmotor Holdhus opna skipingsmøtet på Vinnes med ein høgtidleg trudelutt, deretter fekk dei frammøtte servert smakfull mat hjå den hyggelege beteninga på Eikhaugen gaard. Så kunne arbeidet med gjennomgang av vedtekter for forumet starta. Ei av sakene som hadde vore omdiskutert i forkant var kva ”barnet” skulle heite. Det mangla ikkje på fantasifulle og kreative forslag, men etter demokratisk avstemming landa ein til slutt på Framfus. Forumet har som ei av sine målsetjingar å arbeide for auka bruk av kunst og kunstnarar i Fusa, for å få det til treng kunstnarane å gjere seg meir synlege. Då er det viktig å vere ubeskjeden og litt direkte, dermed passa meininga av ordet ”framfus” bra, samstundes som det spelar på tilknytinga til Fusa. Etter at vedtektene var vedtatt og sakene på lista var gjennomgått fekk initiativtakar Holdhus ei velfortent blomehelsing for sitt tålmodige arbeid med å samla kreative sjeler i Fusa. Forfattar og keramikar Ingvar Nistad runda av møtet med opplesing av dikt frå si siste bok: Dagane i Cholpon-Ata.
Lik Hardingpuls vedtok Framfus ei geografisk avgrensing av medlemskap, der medlemar skal vere oppvaksne eller busett i Fusa Kommune. Eit anna kriterium er knytt til profesjonalitet, medlemmane skal vere utdanna og/eller yrkesaktive kunsthandtverkarar, biletkunstnarar, fotografar, musikarar, forfattarar, skodespelarar, formgjevarar eller andre som arbeider kreativt utover rein kopierings- og produksjonsrutine. Framfus har foreløpig 10 ordinære medlem, blant desse finn ein både forfattarar, keramikarar, musikarar, kunsthandtverkarar og biletkunstnarar. Ein ynskjer at Framfus skal verte eit idé og kontaktskapande forum som også kan styrke kunstnarane og kulturutøvarane sin identitet. Dei som er interesserte i medlemskap kan ta kontakt på framfus@gmail.com for meir informasjon. Ein ting er i alle fall sikkert, desse framfusingane vil de sjå meir til etter kvart!

Abonner på:
Innlegg (Atom)