mandag 15. juni 2009

Kunstnarforumet Framfus er skipa




12.juni møttes eit gruppe kreative fusingar på Eikhaugen gaard på Vinnes med meir enn berre god mat og hyggeleg samvær i tankane. Etter ei tid med uformelle samlingar og idémyldringar rundt omkring i Fusa var det endeleg klappa og klart for den formelle skipinga av eit felles kunstnarforum.

Det heile starta for over eit år sidan, då Aksel H. Holdhus kontakta ulike kunstnarar og kulturutøvarar i Fusa for å lufta ideen om å lage eit tverrfagleg kunstnarforum i kommunen. Fleire var nysgjerrige på ideen, og det vart møter og e-postar der det blei snakka, diskutert og fabulert rundt kva og korleis eit slikt lag kunne vere. Det tverrfaglege kunstnarforumet ”Hardingpuls” var ei viktig inspirasjonskjelde i arbeidet med å finne forma på fusa forumet. Hardingpuls vart skipa i 1993 av og med kunstnarar som er busett eller oppvaksne i Hardanger. Sidan starten har Hardingpuls arrangert ei rekke kunst og kulturhendinga, og markert seg som ein viktig samarbeidspartnar innanfor kulturlivet både i og utanfor Hardanger.

Musikar og primusmotor Holdhus opna skipingsmøtet på Vinnes med ein høgtidleg trudelutt, deretter fekk dei frammøtte servert smakfull mat hjå den hyggelege beteninga på Eikhaugen gaard. Så kunne arbeidet med gjennomgang av vedtekter for forumet starta. Ei av sakene som hadde vore omdiskutert i forkant var kva ”barnet” skulle heite. Det mangla ikkje på fantasifulle og kreative forslag, men etter demokratisk avstemming landa ein til slutt på Framfus. Forumet har som ei av sine målsetjingar å arbeide for auka bruk av kunst og kunstnarar i Fusa, for å få det til treng kunstnarane å gjere seg meir synlege. Då er det viktig å vere ubeskjeden og litt direkte, dermed passa meininga av ordet ”framfus” bra, samstundes som det spelar på tilknytinga til Fusa. Etter at vedtektene var vedtatt og sakene på lista var gjennomgått fekk initiativtakar Holdhus ei velfortent blomehelsing for sitt tålmodige arbeid med å samla kreative sjeler i Fusa. Forfattar og keramikar Ingvar Nistad runda av møtet med opplesing av dikt frå si siste bok: Dagane i Cholpon-Ata.

Lik Hardingpuls vedtok Framfus ei geografisk avgrensing av medlemskap, der medlemar skal vere oppvaksne eller busett i Fusa Kommune. Eit anna kriterium er knytt til profesjonalitet, medlemmane skal vere utdanna og/eller yrkesaktive kunsthandtverkarar, biletkunstnarar, fotografar, musikarar, forfattarar, skodespelarar, formgjevarar eller andre som arbeider kreativt utover rein kopierings- og produksjonsrutine. Framfus har foreløpig 10 ordinære medlem, blant desse finn ein både forfattarar, keramikarar, musikarar, kunsthandtverkarar og biletkunstnarar. Ein ynskjer at Framfus skal verte eit idé og kontaktskapande forum som også kan styrke kunstnarane og kulturutøvarane sin identitet. Dei som er interesserte i medlemskap kan ta kontakt på framfus@gmail.com for meir informasjon. Ein ting er i alle fall sikkert, desse framfusingane vil de sjå meir til etter kvart!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar