torsdag 19. april 2012

FREDAG 27.APRIL: Konsert med gjestemusikarar frå Os



Kunstnarforumet Framfus inviterer til konsert med gjestemusikarar frå Os.

Konserten i Hålandsdalen kyrkje har fått tittelen "Messing og treblås møter orgel og piano". Føremålet er eit kammermusikalsk treff mellom utøvarar frå Os og Fusa. Det vert eit allsidig repertoar, som spenner frå barokken til romantikken. Musikken vert presentert som soloinnslag og i duo-/trioformat.

Vegvisar til Hålandsdalen kyrkje:
Sving av frå hovudvegen ved Holdhus oppvekstsenter og køyr ca. 3 km (i retning Øvre Hålandsdal) til Eidegrend. Kyrkja kjem då godt til syne.

torsdag 15. mars 2012

Start påskeferien med ei kulturoppleving!



Framfus arrangerar konsert og føredrag med Njål Vindenes fredag 23.mars klokka 19. Vindenes er gitarist og førsteamanuensis på Griegakademiet-institutt for musikk. Han skal spele og snakke om RETORIKK OG KVALITET I MUSIKK OG KULTUR. Det vil bli sal av mat og drikke. Vi gler oss og håpar mange vil finne vegen til dette arrangementet!


Dersom du ikkje er lokalkjend og lurer på sånn ca. kvar du finn "Løo til Oddvard Helland" kan du sjå under eller kontakte nokon i Framfus-styret.