fredag 15. april 2011

Ella Marie Brekke Vangsnes

(foto: Jørgen Fagerthun, 2010)

Adresse: Vinnes, 5641 Fusa
Tlf./mobil: 473 94 983
E-post: ella.vangsnes@fusi.no

Yrke/fagfelt: Rådgjevar, etnolog og kulturformidlar/forfattar
Utdanning: Cand.philol. med hovudfag i etnologi v/UiB 1992 (støttefag historie og tysk)
Verksemd:
Forfattar av lokalhistoriske bøker
  • Verda inn over dørstokken. Krigsminne frå Fusa (1995)
  • Bygdebokverket Heilt andre tider. Fusa 1900-2000. Band I-III (2003-2005)
  • Erfaring - vår framtid. AS Bolaks 1975-2010 (2010)
Lokalhistorisk formidling
  • Undervisningsopplegget Fusanisto for 1.-7. klasse.
  • Biletbasen til Lokalhistorisk Arkiv i Fusa – sjå nettside
  • Har elles arbeidd med museumsformidling og som lærar og journalist.
Anna:
Vart tildelt Fusa Kommune sin Kulturpris i 2009.


Utdrag frå omslagsteksten til nokre av bygdebøkene:

BAND I:

Korleis var det å driva gard i Fusa for 50 år sidan, eller vera på brislingfiske på 1930-talet? Når kom straumen, og korleis ordna ein klesvasken før vaskemaskina si tid? Kva var Sævareid Karton- og Papfabrik, og korleis vart Fusa ein fiskeoppdrettskommune? Det første bandet fortel om endringane i fusabygdene dei siste 100 åra - frå eit samfunn der det var den gamle bondekulturen sine normer og ideal som rådde, til nye former for bygdeliv ved tusenårsskiftet.



BAND II:

Korleis var det å veksa opp for 80 år sidan, eller vera ung under andre verdskrigen? Når kom barnehagane? Korleis var det å bli gammal før alderstrygda? Kva var ein losje, og korleis vart Fusa ein skiskyttarkommune? Kor lenge har ein hatt Fusa-ferja, og når opna Grunnasundsbrua? Det andre bandet av bygdebokverket om Fusa 1900-2000 fortel om endringar i livsfasar og livsfestar, lagsliv og møtestader i bygdesamfunnet, og utviklinga i kommunikasjonane - sjølve føresetnaden for samkvem mellom menneske.

Heilt andre tider - 2004 - (9788241903472)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar